Hei, eg har ein Leonberger-gutt på 10 månadar, som har utovervridde potar. Han har også lett innoverboga frambein, sett framanifrå. Beinet nedanføre «handleddet», det nederste leddet på foten, er lengre inne enn beinet over leddet. Vil dette kome til å vokse seg til, eller har eg ein vanskapt hund for all framtid? Eventuelt, er det noko eg skal trene på med hunden, gå på ulike underlag for å trene opp muskar? Skal eg berre late hunden få vere heilt i ro, snuse i hagen i sitt eige tempo, slik som han har fått gjort dei ti første månadane sine? Når eg ser på bilete, har han hatt slik beinstilling sida han var 8 veker.
Helsing Håvard