Heisann! Me har som ganske mange andre problem med å få hunden vår til å ikkje dra når me går tur. Me har prøvd dei fleste metodar, til og med Rugaas sine tips frå den kjende boka hennar.Det hjelper ikkje. Me trur me veit kvifor det er så vanskeleg, men klarar ikkje å gjera noko med det.
Hunden er ei fin flat tispe på no 6 år. Det ho elskar nest mest etter å få apportera i vatn, er å henta denne ballen med tau i enden eller pinnar. Me har fleire plassar der me har stoppa på turen og kasta litt. Når me held på med dette ensar ho ingenting anna. Ikkje andre hundar, menneske, godbitar, mat, ingenting. Til vanleg er ho matmoms og et alt ho får.
No kan det sjå ut som om det er denne stunda med kasting ho ventar på heile turen, så i det siste har me gått andre plassar og ikkje kasta. Me bur slik til at det er begrensa kor me kan gå, så uansett vil me vera i nærleiken av desse «kasteplassane». Ho drar og drar og bryr seg lite om godbitar. Det er ein større forsterkar som kan venta på ho lenger borte. Når ho skjønar at det ikkje vert kasting, går ho helit fint.
Betyr dette at me aldri kan kasta ballen til ho meir? Har lese fleire stader at ein forsterkar virkar best dersom han vert gitt med ujavne mellomrom og det vil då tyda at dersom me kastar innimellom vil det berre forsterka drainga hennar endå meir. Me er på nippet til å godta at ho drar, for me har ikkje lyst til å slutta å la ho få lov til det som tydlegevis er meininga med livet: Å få henta ting og levera det.
Me har nett starta med klikkertrening og ho har byrja å tilby adferd i håp om å få klikk. Me har klikkaren med på tur og klikkar når ho går fint, med slakt band. Ho får godbiten og spring rett ut i dra posisjon. På veg heim får me jo moglegheit til å klikka ofte når ho går fint og du ser at ho har teke poenget, for ho kan gå mest heilt ut til bandet vert stramt, men stoppar litt opp slik at det ikkje strammar. Klikka får ho når det er langt frå stramt. Men i starten av turane er dette heilt umogleg å få til. Sjølv om me klikkar når bandet er slakt, går ho fort ut i dra posisjon og vert der lenge. Me har prøvd å stoppa slik at ho ikkje kjem seg fram. Då kjem ho på plass og med ein gong me startar å gå, dreg ho att. Turane tek ganske lang tid på denne måten. Håpar de kan ha nokre tips til oss.
Venleg helsing
Elin