Etter at eg las boka di «dempede signaler» har eg brukt mykje tid til å studere min hund (en Flatcoted tispe på nesten 1 år) og de andre hundene som vi trener sammen med.
Ved 9 mnd alder var jenta vår i en hormonell tid ( ikkje løpetid), ho ville då vere noko dominerande overfor en svært snill goldentispe som er ett år eldre enn vår tispe. Den andre tispa la seg på rygg, medan min tispe sto over henne og undersøkte henne under magen og bakover til kjønnsorganet, heile tida hadde ho røyst pels bakover heile ryggen. Dette avbrøt eg og den andre eigaren.
No er tispa mi 1 år og det verkar som ho no er i starten av sin førte løpetid og det som undrer meg er at igår på trening så fekk ho og den andre goldentispa helse før treninga skulle starte. Då skjedde dette igjen, denne gangen ville mi tispe i tillegg ri på den andre når ho låg på rygg. Vi avbrøt hilsningen og prøvde igjen etter en liten stund…og det samme skjedde igjen. Vi avbrøt sjølvsagt.
Vanlegvis er vår tispe svært så yndig med andre hunder,,….hun kryper litt ned slikker dei ho helser på i munnvikene….dette gjelder alle. Enkelte hunder synes faktisk at dette er litt for voldsomt og trekker seg unna.
Eks også på hundetreninga igår….en ny hund kom til treninga og fekk helse på vår hund. vår hund røyste pelsen over ryggen…men samtidig slikka den andre ( Gordon setter tispe på 2 år) i munnvikane. Den andre synes dette ble for voldsomt og trekte seg bakover mot eigaren. Eg trekkte vår hund bakover og søkte kontakt, noko som eg fekk og skrytte av kontakta eg fekk.
Vi på treninga snakka litt om det som skjedde og fant ut at det må vere hormoner i sving….. samstundes lurer eg på om du har noen råd eller en bedre forklaring på dette.
Ett spørsmål til; når eg eller min mann har vore borte og kjem heim så har vår lille frøken begynt å smile til oss… i tillegg til at ho er så glad så glad. Vi synes dette er svært morosamt og me lurer på om dette er vanleg helsing som hunder kan ha til sine eigarar.
Helsing undrende Flat – eigar