Eg har ein kvalp på nesten seks mnd. Eg fekk han da han var 9 veker, da hadde oppdretter allerede trent ei stund, og eg fortsatte treninga fra dag ein. Vi gjekk ut når han hadde spist, lekt og sovet. Ros når han tissa ute, viss han tissa inne bar eg han ut. Ingen kjefting. Det gjekk veldig bra i starten, ganske snart var vi nede i eit uhell kvar 3.-4.dag. Men så stoppa det på ein måte opp. Han fortsatte å ha eit uhell ca. ein gong i veka til han var 4 mnd.
Så trudde eg vi var «i mål», men no har han byrja på igjen. Dei to siste vekene har han tissa inne fire ganger. Da er det berre 2-3 timer sidan vi var ute sist. Vanligvis er han inne 9 timer om natta, og 4-5 timer om dagen utan problem.
Kva skal eg gjere?
Det er litt over to veker sidan han første gang løfta på beinet når han tissa ute. Kan det ha noko med hormoner å gjere? Når han tisser inne setter han seg alltid.
Ikkje stuerein enno.
Svar fra Turid Rugaas
I hvertfall ikke kjefte. 6 mnd er ikke mye, de aller fleste har uhell i den alderen og enda litt lengre. Det kan være hormoner som gjør at han er litt mere stresset og derfor tisser oftere. Det kan han ikke for. Tisser han oftere, så ta ham ut oftere en periode, til det begynner å roe seg igjen. Det gjør det ganske snart.
Turid Rugaas