kastrering

Hei

Finnes det noen retningslinjer innen dyrevernet som sier noe om lovlighet av kastrering av hund?

Takknemlig for svar

Svar fra Veterinær Cecilie Strømstad

Hei!

Her er paragraf 13 fra dyrevernloven:

§ 13. Forbod mot visse inngrep.
Det er forbode:

1. å kastrera hund og fjørfe. Veterinær kan likevel kastrera hund når særlege bruksgrunnar gjer at det trengst.

2. å stubba øyre eller hale og å stilla ut noko dyr som har fått stubba øyre eller hale etter at denne lova tok til å gjelda. Øyremerking er likevel lovleg når det ikkje vert teke bort meir enn 1/3 av øyret. Departementet kan gjeva føresegner som på nærare vilkår gjer unntak for forbodet når det gjeld stubbing av hale på gris dersom stubbing trengst av omsyn til dyra, og føresegner som på nærare vilkår gjer unntak frå forbodet mot å stilla ut hund med stubba hale.

3. å setja ring i trynet på gris eller å nytta andre pinefulle åtgjerder for å hindra at han rotar i jorda. Veterinær kan likevel setja ring i trynet på gris, etter føresegner gjeve av departementet, når bruksgrunnar gjer at det trengst,

4. å fjerna horn på dyr. Departementet kan gjeva føresegner om unntak frå forbodet når det gjeld tamrein. Departementet kan også gjeva føresegner som på nærare vilkår gjev veterinær høve til å fjerna hornanlegg på andre dyr når dei er yngre enn 6 veker, og, i serlege høve, horn på dyr som er eldre enn 6 veker.

5. å klyppa eller brenna nebbet på fjørfe. Departementet kan gjeva føresegner om unntak frå forbodet,

6. å klyppa kammen på fjørfe,

7. å taka bort stemmebanda på hund.

Føresegnene i fyrste leden er ikkje til hinder for at ein veterinær gjer slike inngrep når det trengst av veterinærmedisinske grunnar.

Hilsen fra veterinær Cecilie Strømstad
AlternatiVet
www.alternativetdyreklinikk.no