Hei!
Eg er blitt litt bekymra for den vesle hunden min..
Nuuk er ei ett år gammal tispe, av rase ungarsk gatemix. Eg har hatt henne sida ho var fire måneder, og før det kom ho i frå eit shelter. Ho knytta seg veldig til meg med ein gang, sjølv om me er tre jenter som bur i lag.
Eg er ikkje sikker på kva rase ho er, men ganske sikker på at det er Mudi i ho. Ho er ganske krevande…dvs, ho er veldig smart, og treng masse stimulering..to timar i skogen er ikkje nok..
Ho har aldri likt å bli igjen åleine heime, og i begynnelsen sto ho å ulte i gangen når eg gjekk..og når eg kom heim hadde ho som regel tatt med seg et par sko i sofaen, uten større skader. Så fekk ho eg bur med hund også.. Ein stor tre år gammel dobbermann mix, og det såg ut som om han var den perfekte barnehage onkel.. Heilt til dei blei «partners in crime», og leilighet raseringen blei verre enn nokon sinne! Det enda med at dei få gongane hundane er åleine, så ligg «gamlefar» i buret sitt, og Nuuk ligg i gangen ved sida av.. døra inn til rommet der han er står åpen, så dei veit kor kvarandre er. Dette har fungert nokelunde bra, men har likevel hatt problem med at Nuuk går å forsyner seg med sko, pair, paraply..det som måtte vera glømt igjen i gangen.. No er Zorro på ferie med eigaren sin, og det betyr at Nuuk er åleine når eg er på skulen. Dei siste dagane har leiligheten vore totalt snudd opp ned! Til og med reve av lister på møbler i gangen! Aldri vore så ille! I dag var eg berre vekke i ein time!
Ho blei sterilisert for to og ei halv veke sidan, og då var eg hos ho heile tida. Fekk til og med sove i senga. Kan dette ha vore med på å forverre oppførselen? Pluss at i det siste har det ikkje vore så masse tur pga operasjonen..
Håpar på snarleg svar! Er bekymra og rådlaus!
På førehand tusen takk!