Eg har nyleg parra sheltietispa mi, og har i den forbindelse nokre spørsmål eg lurar på.
Tispa mi skulle ha vore vaksinert no i januar, men dette er eg blitt fraråda då fleire sheltie oppdrettarar eg har snakka med meiner dette kan føre til at tispa mister valpane sine. Rådet eg har fått er å vaksinere tispa sammen med valpane/rundt levering av valpane. Eg har fleire stadar lest at tisper (generellt) bør vaksinerast medan dei går med valpane for å beskytte valpane…men dette gjelder då ikkje for sheltien?
Så er det så mykje ein skal holde styr på, så det går litt i surr her (eg får gode råd hos oppdrettar og hannhundeigar, men er vanskeleg å halde styr på alt…).
Men kva er viktig å passe på framover no? Kunne godt tenke meg at du satte opp ei lita liste over viktige ting å hugse på både i drektigheta, rundt fødsel og før levering av valpane. Eg har skrive meg ei liste sjølv, men er usikker på om eg har fått med meg alt, samt at det er litt betryggandes å få gode råd frå ein veterinær også.