Eg har ein retriever på 1 år. Den siste veka har han hatt lite lyst på maten sin, tar ikkje alltid godbitane når vi trener ( eg har med meg pølse, kylling, lever, brød osv). Han drikk lite. Foret han får til vanleg er ein blanding av tørrfor og vom ol. På onsdag kasta han opp etter at vi hadde vore på tur ( før maten), avføringen var diare. Fredag såg han piggare ut, men ville ikkje ha mat unnateke litt pølse då eg trente litt på innkalling under turen. I dag laurdag spruta det frå endetarmen då han gjekk ut. Han spydde i tillegg. Fargen var lik begge stader ( gulaktig). Eg har prøvd å gje han ris, men det vil han ikkje ha. Det einaste som ser ut til å gå ned er kylling. Bør eg få det undersøkt eller er det noko som reparerer seg sjølv?
Sprutdiare.
Svar fra Veterinær Cecilie Strømstad
Dette høres ut som noe du skal ta rett til veterinær! Når han har drukket lite er det risiko for uttørking!
Cecilie Strømstad
AlternatiVet
Dyreklinikken for hund og katt
www.alternativetdyreklinikk.no