På løshundprøver for elghundar er varighet på søk eit av momenta som blir bedømt. Dette skal fortrinnsvis bedømmast i elgtomt terreng. Typisk varighet er inntil 30 min. Unge hundar/hundar som ikkje har hatt mange «gjeve» elgsituasjonar scorar som regel dårleg på dette momentet (ofte søk på berre nokre få min).
Eg bruker klikker til «vanleg» trening, men ikkje jakttrening. Har dykk noko godt forslag på korleis eg kan gå fram for å auke lengda på søk ved bruk av klikker, eller evt. berre ved bruk av positiv forsterking?
Ser for meg at det må vera vanskeleg å bruke betinga forsterkar/positiv forsterking i desse situasjonane i og med at hunden er utanfor synshald når den gjer det eg vil forsterke.
Har dykk eit godt svar på dette så trur eg det kan vera til veldig stor hjelp for trening av laushundar generelt i og med at ein her har liten påverknad på hunden anna enn når han er der du helst ikkje vil ha han – rundt føttene dine…